|
Gull, klubbrekord og to sølv på stafett-NM
(29.05.2011) Under stafett-NM i Drammen vart det eit gull og to sølv til Gular. Gullet kom på 4x800m for kvinenr senior, med 9:14.48, klubbrekord med 7 sekundar. Veldig sterkt med tanke på at jentene var einaste lag som deltok(!). Dette var også klubbens første seniorgull på distansen. På laget løp Ingeborg Lind, Heidi Ann Bruknapp, Christine Næsheim Bjørkvik og Ida Kjelkenes. På 4x400m for kvinner vart det ein klar siger til suverene Trondheim Friidrett, men våre jenter heldt unna for BUL og sikra sølvet på 4:04.23. På laget løp Heidi Ann Bruknapp, Karoline Hellen Nilsson, Marte Svahn Dæhlin og Tonje Svendsen. På 4x1500m tok Tjalve ein klar siger, men våre gutar heldt greit unna for Ull/Kisa. Jonas Lurås Hammer, Tomas Windheim, Kjetil Foss Angeltvedt og Kjetil Måkestad kom inn på 16:08.51, fortare enn det Gular vann på i Steinkjer i fjor.
Inge og Heidi Ann i gong med banesesongen
(22.05.2011) Trass i surt ver vart det oppnådd fleire bra resultat under kveldens stemne. På Skansemyren kasta Inge Tansø 62.99 i spyd - halvannan meter bak persen. På Osterøy løp Heidi Ann Bruknapp og Christine Næsheim Bjørkvik på 2:18.25 og 2:18.40, medan Tonje Svendsen fekk 2:23 trass i ein bråstopp undervegs.
Frida 4:41.00 på Mailekene
(22.05.2011) Mailekene i Haugesund er eit av dei eldste gute - og jentestemna på Vestlandet. Frida Berge hadde teke turen frå Ølve til Haugesund, og tok ein klar siger på 1500m med pene 4:41.00. Vi kjenner ikkje vindforholda då ho løp, men resultatlista indikerer at det var tildels sterk vind på stadion (opp i 5.8 m/s). I eit felt og under gode forhold burde U18-kravet på 4:33.00 vere mogleg å klare. Laurdag løp 15 år gamle Sondre Dingsør Skogen frå Bergens Turn ein pen 800m på 2:08.29 og fekk tredjeplass på det. Pers med 7 sekundar er ein bra sesongstart!
May Britt nr. 3 i Ulriken Opp
(21.05.2011) Under dagens Ulriken Opp vart May Britt Buer nr. 3, 58 sekund bak vinnaren. I herreklassen var Anders Huun Monsen beste Gularløpar på 16. plass, men han var vel mest ute etter spurtprisen ved første kontrollpunkt, og den vann han greit. Ulriken Opp var første løp i Norgescupen i motbakkeløp.
Pers til Ingeborg, Frida og Tomas på Bislett
(19.05.2011) Under kveldens opningsstemne på Bislett var Gular godt representert. Ingeborg Lind, Frida Berge og Tomas Windheim sette alle solide persar på 3000m. Dei andre var eit stykke bak persane, men det er tidleg enno og det var ikkje vindstille på Bislett i kveld. Ingeborg og Frida kom begge under 10:00 for første gong, Ingeborg fekk 9:57.16 (klubbrekord junior-22) på femteplass og Frida var like bak med 9:59.21 og junior-19 klubbrekord. Frida nærmar seg no kravet til U18-VM som er 9:53.00, det er innanfor rekkevidde - Frida kan jo og klare krava på 1500m eller 2000m hinder. Tomas Windheim vart beste Gularløpar på 3000m med 8:30.04, pers med over sju sekundar og dessutan under trenar Asgeir Thomassen sin pers. Dette gav andreplass i B-heatet. Resultata finn ein på www.openinggames.no
17. mai feiring som vanleg
(16.05.2011) Idrottslaget Gular feirar 17.mai med fylgjande program:
Kl. 09:00 Festgudsteneste i Domkyrkja der Bygdelaga i Bergen og Gular er representert med sine faner.
Kl. 10:15 Frammøte på Torgalmenningen for deltaking i Hovedprosesjonen, kolonne 5
Gular drakt/jakke er ynskeleg.
Etter Hovedprosesjonen; Sosialt samvær i Fensal 4. etg. med servering av pølser, kaffi og kaker.
Sølv og bronse til Gularlaga på Holmenkollstafetten
(15.05.2011) Det vart sølv og bronse til Gulars elitelag på Holmenkollstafetten i år. Begge laga gjorde ein fin innsats og var i teten i periodar, men til slutt vart Tjalve for sterke i herreklassen. I dameklassen var det lite å gjere med storfavoritt Vidar, og på 13. etappe vart vi også passert av Tjalve.
I herreklassen kom vi greit ut frå start, men hadde eit lite uhell før start på 4. etappe då Vidar ikkje fann att sekken med drakt og konkurransesko - NRK hadde ved ein glipp tatt den med seg! Kjetil Måkestad hadde beste etappetid på 5. etappe, og på lille Besserud løp Anders Huun Monsen Gular i tet. Terje Aggvin vart passert av svenske MAI på Besserud, og før langetappen var MAI, Tjalve og Gular godt samla. Her vart stafetten avgjort av Tjalves sterke Håkon Brox, som distanserte Kjetil Foss Angeltvedt. Ved veksling var luka på 14 sekund, og trass i at både Tomas Windheim på 11. etappe og Erik Hovlandsdal på 13. etappe hadde beste etappetid, klarte vi ikkje å hente inn luka. I mål var det 16 sekundar fram til Tjalve, medan svenske MAI var heile 40 sekundar bak oss. Løypeomlegginga gjer det vrient å samanlikne med fjoråret, men på dei ni første etappane, som var som i fjor, hadde vi 4 sekundar betre totaltid i år enn i fjor.
I dameklassen var Frida Berge uheldig med vegvalet inn til første veksling etter ein elles fin etappe, men etter sterke løp og beste etappetid på 2. og 3. etappe av Lena Indrebø og Heidi Ann Bruknapp var vi i tet då Ingvill Måkestad Bovim fekk pinnen. Heidi Ann løp til og med forbi puljebilen! Ingvill løp to sekund fortare enn i fjor på berg og dal og hadde også beste etappetid, og Tonje Svendsen følgde fint opp og ga Gular den fjerde etappesigeren på rad, slik at vi hadde 36 sekundar å gå på til Vidar før dei to klatreeetappane. Eit stykke ut i Besserud-etappen vart May Britt Buer passert av Karoline Bjerkeli Grøvdal, og derifrå og inn var Vidar i tet. Tjalve måtte kjempe hardt for å ta igjen Gular, men på 13. etappe løp Cecilie Isern sterkt og gav Tjalve ei luke dei tok godt vare på til mål, der skilnaden mellom laga var 24 sekundar. Gular var 1:50 bak vinnarane frå Vidar. Flott innsats av jentene, men på dei første ni etappane løp dei totalt 27 sekundar seinare enn i fjor og det kan ein ikkje vere heilt nøgde med.
I år hadde vi også med eit miks-lag som vart nr. 8 totalt i denne veldig store klassen, neste år kan dei derfor stille i den beste pulja. Totalt hadde vi altså 45 løparar i aksjon i Oslo i helga, noko som viser at vi har bra breidde. I år var vi ikkje gode nok til å vinne herreklassen eller forsvare andreplassen i dameklassen, så vi har litt å jobbe med til neste år for å bli betre. Men - no er gatestafettsesongen slutt og vi ser fram til opningsstemnet på Bislett torsdag 19.mai.
Resultata er å finne på www.holmenkollstafetten.no, og www.kondis.no har som vanleg ein omfattande reportasje.
Laga:
| Etappe |
Lengde |
Menn |
Kvinner |
Mix |
| 1 |
1200 |
Ådne Svahn Dæhlin |
Frida Berge |
Lars Røttingen |
| 2 |
1140 |
Jonas Lurås Hammer |
Lena Indrebø |
Anders Staude |
| 3 |
620 |
Kristoffer Grindedal Janson |
Heidi Ann Bruknapp |
Asgeir Thomassen |
| 4 |
1700 |
Vidar Dahle |
Ingvill Måkestad Bovim |
Hallvard Nilsen |
| 5 |
1035 |
Kjetil Måkestad |
Tonje Svendsen |
Morten Straume |
| 6 |
1300 |
Anders Huun Monsen |
Trine Vevle Westerheim |
Solveig Torsvik |
| 7 |
1790 |
Terje Aggvin |
May Britt Buer |
Bjarte Bogstad |
| 8 |
1800 |
Sigbjørn Groven |
Johanna Sjøgren |
Jørgen Pedersen |
| 9 |
650 |
Bjørnar Lillefosse |
Karoline Hellen Nilsson |
Ketil Pettersen |
| 10 |
2800 |
Kjetil Foss Angeltvedt |
Ingeborg Lind |
Gjermund Groven |
| 11 |
1520 |
Tomas Windheim |
Ida Kjelkenes |
Jonas Dalland |
| 12 |
390 |
Torbjørn Lysne |
Anne Hansen |
Mari Oppegård |
| 13 |
1060 |
Erik Hovlandsdal |
Anne Havn |
Marte Sønstevold |
| 14 |
850 |
Eirik Myrmel |
Christine Næsheim Bjørkvik |
Nora Systad |
| 15 |
600 |
Ivar Stefansen |
Marte Svahn Dæhlin |
Sondre Dingsør Skogen |
Bra opningsstemne - Vidar 1:52.12
(10.05.2011) Under opningsstemnet på Fana i går vart det oppnådd fleire fine resultat i godveret. Den beste Gular-prestasjonen stod Vidar Dahle for med 1:52.12 på 800m, snaut sekundet bak vinnaren Thomas Solberg Eide. Unge Eide spring i Haugesund-drakt, men er frå Odda. Vidar vann for øvrig også kortløypa i Fjellveiløpet i dag. På 1500m gjorde Eirik Myrmel ein fin harejobb i 900 meter, den einaste som hang på var Øystein Aamli frå AKS-77, som vann på ny pers 3:55.02. Nærast kom Kjetil Foss Angeltvedt med 3:56.08, vel sekundet bak persen. Han vart dermed Gularløpar nr. 99 gjennom tidene - det blir nok ikkje lenge før vi får nr. 100 under den 'magiske' grensa. Deretter følgde Tomas Windheim med 3:59.23, Ådne Svahn Dæhlin med 3.59.79 og Jonas Lurås Hammer med 4:00.92. Tomas og Jonas var under sekundet bak persane sine, det var også Bjørnar Lillefosse med 4:05.97. I stav sette Thorleif Evanger ute-pers med 4.10, NM-kravet på 4.20 burde vere innanfor rekkevidde snart. På 400m persa unge Ivar Stefansen til 52.66, og sikra dermed seg plass på Holmenkollstafettlaget og klarte dessutan kravet til junior-NM.
Mellomdistansejentene våre hadde samla seg om 800 - dessverre gjekk det altfor sakte frå 200 til 400m. Ida Kjelkenes tok som venta heim sigeren på 2:17.69, føre Frida Berge med 2:19.36. Christine Næsheim Bjørkvik vart nr. 4 på 2:20.00, og Lena Indrebø persa i comebacket sitt og fekk 2:21.62 på 5.plass - også under junior-NM-kravet. Trine Vevle Westerheim og Marte Svahn Dæhlin kom inn på 2:25-talet og var ikkje så langt bak persane sine. Alt i alt lovar dette godt framfor laurdagens Holmenkollstafett, og UK fekk i løpet av kvelden dei avklaringane dei trengte.
Ingeborg nr. 3 i Sentrumsløpet
(07.05.2011) Ingeborg Lind viser stabilt god form - i dag vart det 3.plass i Sentrumsløpet i Oslo på pene 36.25 - pers med over 2 minuttar! Kanskje ho burde tenke litt på at kravet til U23-EM (på bane) er 36:00? På 800m (Sentrumssprinten) vart Ida Kjelkenes nr. 3 og Heidi Ann Bruknapp nr. 5 - på 2.15 og 2.21.
Sigbjørn nr. 8 i Siddisløpet
(07.05.2011) Det har vore ei stund mellom oppdateringane av heimesida idet siste, men no skal vi kome ajour. Sist helg vart Sigbjørn Groven nr. 8 i Siddisløpet i Stavanger, gledeleg nok på ei tid 22 sekundar betre enn han hadde i fjor i den vel 8 km lange løypa - lovar godt for sesongen. www.siddislopet.no
Storløp av Ingeborg og Kjetil Foss avgjorde

Kjetil ferdig med sitt storløp, Tomas akkurat i gang med sitt FOTO- BFG Fana
(01.05.2011) Den årlige 1.mai feiringen på Ask må betegnes som en vellykket en for idrottslaget. Arrangørene hadde hanket inn storfint besøk fra hovedstaden og araberbyen for å gi oss motstand, men det hindret ikke suksess for Gular. En solid andreetappe av Vidar Dahle, en fenomenal langetappe av Kjetil Foss Angeltvedt der han smadret all motsand og senket etapperekorden med 3 sekunder, og en flott oppfølgeretappe av Tomas Windheim (der han fikk samme beste etappetid som meritterte Kjetil Måkestad på andrelaget vårt) sendte Tjalve tilbake til tigerstaden med et ønske om revansje i Holmenkollstafetten om knappe to uker. Heller ikke Haugesund med Morten Velde og Thomas Solberg Eide på etappene til Kjetil og Tomas kunne annet enn se idrottslagets gulrøde drakt forsvinne i dimman. Det virker som om Ask må invitere Gular som sitt gjestelag skal de inviterte ha mulighet for seier.

Ingeborg avgjør med en sterk tredjeetappe der hun distanserer BFG. FOTO - BFG Fana
I kvinneklassen fortsatte Ingeborg Kristine Lind å vise godform, og avgjorde stafetten for juniorlaget vårt. I fravær av en del av våre bedre løpere dokumenterte jentene bredde som kan bli grei å ha i bunn når slaget står i Oslo lørdag 14.august. Fordelingen av sprintere, mellomdistanseløpere og landistanseløpere i klubben er bra for vårens vakreste og hadde passet en Askstafett der kvinner og menn løp samme stafett utmerket. Skal de gjeninnføre likestillingen på Ask 1.mai 2012?
Men nå er det tid for UK å granske etappetider og sluttider for å finne den optimale etappefordelingen før løperskoene skal slite asfalten i Oslo.
Klart for Askstafetten søndag
(28.04.2011) Søndag er det Askstafett, og Gular stiller 3 herrelag og 5 damelag. Då det kan bli rokeringar i siste liten legg vi her berre nokre av laga slik dei no ser ut. Menn A: Eirik Myrmel, Vidar Dahle, Ketil Pettersen, Kjetil Foss Angeltvedt, Tomas Windheim og Ådne Svahn Dæhlin, Kvinner A: Tonje Svendsen, Christine Næsheim Bjørkvik, Ida Kjelkenes og Marte Svahn Dæhlin, Kvinner junior: Anne Hansen, Heidi Ann Bruknapp, Ingeborg Lind og Naomi van der Broeck. Herrane får Haugesund og Tjalve å bryne seg på, mens damene bør ta revansje på BFG for tapet i fjor. I dameklassen er Laksevåg også eit lag å sjå opp for.
Vellukka treningsleir i Portugal
(28.04.2011) Gular sende ein stor tropp til Portugal på treningsleir i påsken, og det blir rapportert om fint ver, gode treningsforhold, tildels store treningsmengder og enkelte økter som det lukta svidd av. Som illustrasjon legg vi ut eit bilete frå ei baneøkt - frå venstre Heidi Ann Bruknapp, Christine Næsheim Bjørkvik, Ida Kjelkenes og Anne Hansen - biletet er henta frå Anne sitt album på Facebook.

Sjøkrigsskolestafetten er tilbake - Gular slått av BFG
(14.04.2011) For første gong sidan 1998 vart Sjøkrigsskolestafetten arrangert - hyggeleg av Valkyrien IL hadde tatt opp igjen dette tradisjonsrike arrangementet som i år vart arrangert for 36. gong. Det vart eit jamt oppgjer i herreklassen, der eit improvisert herrelag (som var prega av 'gamle heltar') måtte sjå seg slått av BFGs senior og juniorlag. Sigbjørn Groven var den einaste av våre som veksla først etter sin etappe. Hyggeleg at denne stafetten med fine etappar er tilbake igjen - neste år må vi stille fleire lag. Nivået på årets løping var moderat - vinnartida var omlag to minuttar dårlegare enn f. eks. i 1995 og traseen er så godt som uendra. Laget vårt: Eirik Myrmel-Jon Erlend Kjærland-Sigbjørn Groven-Bjarte Bogstad-Lars Røttingen-Jørgen Pedersen-Ulrik Anderssen-Ådne Svahn Dæhlin.
Hallvard vann Baksjøløpet
(14.04.2011) Sist helg vann Hallvard Nilsen Baksjøløpet. Han hadde 4 sekundars margin til Lars-Olof Gävert fra Magazinet Karlstad. Reportasjen på Kondis finn du her. http://www.kondis.no/stort-og-spennende-baksjoeloep.4908985-127676.html
Gjermund med 2:34:45 i Rotterdam
(10.04.2011) Gjermund Groven løp en flott maraton i Rotterdam i dag og løp inn til tiden 2:34:45 noe som er en solid forbedring av persen satt i New York i fjor (nærmere 7 minutter). Gjermund løp så jevnt at man kunne stille klokken etter han. Her har dere detaljer fra løpet -
| Startnummer 7945 |
| Naam |
Gjermund Groven |
| Woonplaats |
Bergen |
| Afstand |
ABN AMRO Marathon Rotterdam |
| Categorie |
MSR |
| Totaal plaats |
63 / 7328 |
| Categorie plaats |
42 / 1255 |
| Snelheid |
16,360 km/uur |
| Bruto tijd |
2:34:59 |
| Netto tijd |
2:34:45 |
|
| Netto tussentijden (verschil) |
| 5 kilometer |
18:19 (18:19) |
| 10 kilometer |
36:16 (17:57) |
| 15 kilometer |
54:21 (18:05) |
| 20 kilometer |
1:12:33 (18:12) |
| Halve marathon |
1:16:49 |
| 25 kilometer |
1:31:15 (18:42) |
| 30 kilometer |
1:49:32 (18:17) |
| 35 kilometer |
2:07:45 (18:13) |
| 40 kilometer |
2:26:33 (18:48) |
|
|
Sølv til Ingeborg i terreng-NM - og gull i stafetten
|
Foto: KONDIS
|
(10.04.2011) Ingeborg Kristine Lind viser stadig tegn på solid fremgang. Dagens sølvmedalje under terrengmesterskapet på Modum er klar karrierebeste for jus-studenten fra Østfold. Hun var knappe 10 sekunder bak fru Marathon fra BFG, og hadde noenlunde samme tidsmessige klaring til bronsen. Etter våre noteringer er det første individuelle Gular-medalje i terrengløp for kvinner for senior/junior. Ida Kjelkenes viste også lovende takter og løp inn til en 6.plass kun 6 sekunder unna pallen. Frida Berge som løp UM i 17-årsklassen, og derfor representerte Strandebarm IL, tok en oppskriftsmessig seier. Det samme kan vel sies om Bjarte Bogstad i MV 45-49. Vår nye samarbeidsklubb, IL Korlevoll-Odda var representert med Trine Vevle Westerheim som løp inn til en 7. plass i UM J16.
Den klassen vi hadde flest deltagere i var MS. Her ble Kjetil Foss Angeltvedt nummer 7. Her var gull- og sølvmedaljørene rimelig suverene, men mellom 3. og 9.plass var det relativt tett. Absolutt godkjent av Ola. Anders Huun Monsen og Tomas Windheim ble henholdsvis nummer 14 og 15 med kun tideler imellom. Kanskje noe skuffende av Anders etter hans meget solide løping tidligere i vinter. Desto mer gledelig av Tomas. Nykommer Jonas Lurås Hammer ble nummer 23, Sigbjørn Groven nummer 35 og Ådne Svahn Dæhlin nummer 45. Men så er vel ikke 3 km i terrenget helt det samme som 800m på bane.Under søndagens krets-stafett ble det gull til Hordaland.
|
Frida Berge vant første-etappen etter en sterk spurt (det giret så vi ikke noe til på lørdag). På andre-etappen ble Ingeborg forbiløpt av Rogalands Vigdis Bringedal Holst, men Osterøys Hilde Aasheim løp en sterk siste-etappe og sikret Hordalands første gull noen gang i denne krets-stafetten. I herreklassen ble det en 6. plass til et rent Gular-lag (Sigbjørn, Jonas og Ådne). Alt i alt ble det en fin medaljehøst etter en fin helg på Modum - medalje ble det også sist terreng-NM kort løype gikk her (1995), da vant Per Thomas Thomassen seniorklassen for menn. Resultater.
Storeslem på Fristafetten
(07.04.2011) Som i fjor tok Gular heim sigeren på Fristafetten både i herre- og dameklassen. I herreklassen vann Gulars 1. lag seniorklassen klart, medan juniorlaget var nr. 2 i totalt mål, så vidt føre Gulars 2. lag. Ådne Svahn Dæhlin var sjef på første etappe og veksla klart først. Fris juniorlag gjekk i tet på 2. etappe etter eit sterkt løp av Martin Roe, men derifrå og inn var det berre Gular. I dameklassen leia Gulars 1. lag frå start til mål, og var heile 45 sekundar føre Osterøy etter fin løping av alle - vil særleg trekke fram Ingeborg Lind som løp fortare enn i fjor - og i år var det sololøp og surt ver i motsetning til i fjor med konkurranse og finever. Gular 2 og 3 var nr. 3 og 5 totalt. Vi vil takke alle for flott innsats -spesielt dei som løp to etappar for å få stafettkabalen til å gå opp. Det sure veret og manglande konkurranse i teten gjorde at vinnartidene vart litt dårlegare enn i fjor. Etappetidene ligg under Resultater. Så vart kanskje UK litt klokare om korleis Holmenkoll-laget blir også!?
Ingeborg kretsmeister i terrengløp
(03.04.2011) Under laurdagens terreng-KM på Stord vann Ingeborg Lind junior-22 klassen. Ho hadde også beste tid totalt, 4 sekund før Pernille Thomassen frå BFG, og Ingeborg fekk dermed revansj for tapet på løpskarusellen måndag. Frida Berge vart nr 2 i juniorklassen, 19 sekund bak Ingeborg. På tredjeplass kom Marte Sønstevold, som løp sin første friidrettskonkurranse - pen debut - ho var 20 sekund bak Frida i den 2km lange løypa. I herreklassen vann Øystein Aamli frå AKS-77 føre Gulartrioen Gjermund, Ådne og Sigbjørn i eit relativt jamt oppgjer med 12 sekundar mellom første og fjerde plass.
Gjermund vann løpskarusellen - pers av Ingeborg
(30.03.2011) Under måndagens løpskarusell i Fana vann Gjermund Groven 10km på 34:00. På 5 km for damer vart Ingeborg Lind nr. 2 på 18:00 - solid pers med heile 42 sekund! Dette tyder på at Ingeborg burde løpe langt under fjorårspersen på 17:56 når vi kjem til banesesongen - då får Ingeborg kanskje fleire oppgjer med Pernille Thomassen frå BFG som vann måndag på 17:53. Pernille spring for øvrig minst like fort no som for 20(!) år sidan då ho sette 5000-persen på bane (17:35.5).
Løyperekord av Kjetil
(23.03.2011) Under gårsdagens Fri-karusell (5km) sette Kjetil Foss Angeltvedt ny løyperekord med sterke 14:52.7. Han hadde saman med Lars Bakke den gamle rekorden på 14:56. Dette lovar godt!
Roma maraton: 2:30 på Terje og 3:21 på Johanna
(20.03.2011) Under gårsdagens Roma maraton vart Terje Aggvin nr. 27 på 2.30.23 etter ei opning som var i hardaste laget (1:10.05 på halvmaraton). Men det blir ikkje gode tider viss ein ikkje prøver å satse! I dameklassen kom Johanna Sjögren inn på 58.plass med pene 3:21.41 (1:37.38 passering halvmaraton), og dermed har vi også fått ein klubbrekord på maraton for damer.
Hallvard på glattisen
(13.03.2011) Nei då, Hallvard Nilsen har ikkje krasja bilen(så vidt vi veit). Derimot vann han klart ein 5km løpskarusell på Kløfta laurdag på moderate 16.53, men føret var såpass glatt (sjå kondis.no) at Hallvard ikkje vart så mykje klokare på korleis formen er, men han er i alle fall i gang med sesongen!
Sølv til Kjetil Steinstø og Kjetil Lammedal i UM
(12.03.2011) Under første dag av UM i Trondheim vart det sølv til Kjetil Steinstø frå Bergens Turn i tresteg gutar 17 år med 12.36, og laurdag føremiddag tok Kjetil Lammedal frå¨Strandebarm sølv i lengde gutar 16 år med 5.88. Kjetil vart også nr. 4 med 1.70 i høgde. På 800m var Heidi Ann Bruknapp åleine i 20-22 klassen, og kom inn på 2.23.55 etter ei svært optimistisk opning - men det er slikt ein lærer av! Bjørnar Sandnes Lillefosse frå Strandebarm vart nr.2 i B-heatet på 800m i klassen 18-19 år, men 2:00.61 innandørs er absolutt ein brukbar søknad om plass på laget til Holmenkollstafetten. Torbjørn Lysne vart nr. 6 i finalen på 60m gutar 20-22 år med 7.30. På 1500m i 16-års klassen vart det 4.plass til Trine Vevle Westerheim frå Korlevoll-Odda (vår komande samarbeidsklubb, avtalen er enno ikkje godkjent av forbundet) med pene 4.58.52.
Jonas og Stine vann løpskrusellen
(09.03.2011) Vi er litt seint ute med resultata frå vinterens siste løpskarusell i Fana måndag 7. mars. Jonas Dalland vann 5km på 16:57, med Lars Røttingen på 3.plass (17:05). Stine Sanden vann 10km på 42.08, og Christiane Tröße vart nr. 3 på 5km med 21:21. Vi trur nok at alle desse fire må løfte seg litt frå dette nivået viss dei vil vere med på elitelaga i Holmenkollstafetten, etter det vi kan sjå blir konkurransen om plassane på laget hard i år.
Thorleif Evanger 4.11 i stav
(09.03.2011) Under eit stemne i Høiehallen i går persa Thorleif Evanger til fine 4.11 i stav, det høgaste stavhoppet av ein Gular-utøvar sidan 1980-talet. No har Thorleif også betre pers enn Katrine!
Gjermund persa på halvmaraton
(05.03.2011) Gjermund Groven persa med vel minuttet under Egersund halvmaraton i går. 1:12:19 heldt til andreplass, berre 5 sekundar bak vinnaren. Dette skulle tyde på at det blir solide persar både på kortare og lengre distansar til sommaren.
Ingvill utslått
(03.03.2011) Ingvill Måkestad Bovim vart utslått i forsøksheatet under EM i Paris i dag. 4:12.13 heldt til ein 5. plass i heatet og totalt 11. beste tid. Hadde ho løpt sekundet fortare hadde ho gått vidare. No er det berre å seie lukke til med ute-sesongen!
Alexander 6.95
(03.03.2011) Under gårsdagens stemne i Høiehallen løp Alexander Karlsson 60m på sterke 6.95, som er 3/100 under persen. Dessverre kan ikkje tida godkjennast som pers då han vart diska for tjuvstart i forsøket, 6.95-løpet var utanfor konkurranse i finalen. Vi noterer elles gode 13.55 av Fri-junioren Martin Roe i kule. Resultatlista kjem om ein dag eller to.
Kjetil på vei tilbake
 |
(02.03.2011) Etter en meget god start på fjorårssesongen ødela skader fortsettelsen. Siden ble det Bali og 3 måneders utdanning som PT (personal trainer). Men før nyttår var Ola tilbake i Bergen. Treningen var skjøttet bra gjennom store deler av oppholdet i det asiatiske, men mot slutten ble det så som så pga. eksamen. Så en litt rusten kropp har trengt litt tid, men nå viser Kjetil at han er på vei tilbake. Et flott løp på 5km under gårsdagens Fri-karusell med tiden 15.18 understreker det. Vi gleder oss til fortsettelsen da det ikke bare er Kjetil blant distanseløperne våre som viser godtakter. FOTO- Kondis |
Ingvill tatt ut til EM innandørs
(27.02.2011) Ingvill Måkestad Bovim er tatt ut til EM innandørs i Paris komande helg. Ingvill spring 1500-forsøk fredag ettermiddag og vi reknar med at det også blir finaleløping på laurdag ettermiddag.
Stemne i Høiehallen onsdag
(27.02.2011) Onsdag 2.mars kl 1830 arrangerer Gular innandørsstemne i Høiehallen. Meir info er å finne under linken til Arrangement.
Ingvill rekord igjen - 4:08.65
(24.02.2011) Nok ein gong vart det norsk rekord på Ingvill Måkestad Bovim. Under XL-galan i Stockholm tysdag løp Ingvill 1500m. på 4:08.65, vel halvsekundet under sin eigen tre dagar gamle rekord. Dette heldt til ein niandeplass i det sterke feltet. Vi er spent på korleis det går i EM neste helg!
Trippel Gular på halvmaraton
 |
(20.02.2011) På laurdagens maratonkarusell i Fana vart det trippel Gular på halvmaraton for menn. Terje Aggvin vann på 1:09.55, føre Gjermund Groven på 1:13.20 og Sigbjørn Groven på 1:16.43. Dette tyder på at Terje er i god rute til maratonløpet i Roma 20. mars. I dameklassen vann Stine Sanden på 1:29.12. Foto - KONDIS
|
Sterk løping av Torbjørn i Florø: 7.13 og 11.09
(20.02.2011) Etter ein svak 2010-sesong er unge Torbjørn Lysne no på full fart tilbake. Under innandørsstemnet i Florø i helga vart det persar både på 60m og 100m med 7.13 og 11.09. 100-meter tida er faktisk 4/100 betre enn utandørspersen, og fysioterapistudenten rykka dermed opp frå 21. til 19.plass på klubbens alle-tiders statistikk på 100m med elektronisk tidtaking.
Terreng-NM 2012 blir i Strandebarm
(20.02.2011) Friidrettsforbundet har no bestemt kor dei ulike norske meisterskapa i 2012 skal arrangerast. NM terrengløp kort løype er tildelt Strandebarm IL og IL Gular i fellesskap. Meisterskapen vil bli arrangert i Strandebarm.
NORSK REKORD av Ingvill: 4:09.17
(20.02.2011) Ingvill Måkestad Bovim sesongdebuterte i Birmingham i går med å setje ny norsk rekord på 1500m innandørs: 4:09.17, dette heldt til ein femteplass i eit sterkt felt. Ingvill hadde sjølv den gamle rekorden på 4:11.0. På programmet vidare står storstemnet i Globen i Stockholm på tysdag og så innandørs-EM i Paris om to veker. Den 19 år gamle nordiske rekorden til svenske Maria Akraka (4:07.74) bør no vere innanfor rekkevidde.
Årsmøte i Hovudlaget
(20.02.2011) Årsmøtet i hovudlaget i IL Gular blir torsdag 24. mars kl 1900. Hovudlaget er overbygninga over friidretts- og orienteringsgruppene, og har mellom anna ansvaret for drifta av Gularhuset.
Fløyen Opp lørdag 20.august
(17.02.2011) Lørdag 20. august drar friidrettsgruppen i gang sin nye storsatsing på arrangementsfronten, Fløyen Opp. Som navnet tilsier er dette et motbakkeløp. Starten er på Vågsalmenningen/ Nedre Korskirkealmenningen og målgang på Fløyen like ved øvre stasjon på Fløibanen. Vår ambisjon er å skape et flott arrangement til glede for deltagere, samarbeidspartnere og klubb. Løpet vil derfor bli et skikkelig løft for friidrettsgruppen der alle må bidra. Vi ber derfor medlemmene våre allerede nå reservere denne dagen til dugnad for klubben.
Bronse til Vidar og Anders
(14.02.2011) Det vart omtrent som venta med både medaljar, persar og klubbrekordar under innandørs-NM. Vidar Dahle tok bronse på 800 med 1.54.69, 1/100 bak Nornas Jørgen Hasle Johansen, men relativt klart slått av overraskelsesmannen Håkon Mushom frå Lyngdal. På 3000m vart det bronse til Anders Huun Monsen med sterke 8:31.76. Anders var rett nok nr. 5 i mål, men etter det vi forstår har nr. 2 og 4 ikkje budd lenge nok i Norge til å kunne ta medalje i NM. Fin innsats også av dei andre på 3000: Erik Hovlandsdal 8:39.90 (solid pers), Tomas Windheim 8:40.04 og Jonas Lurås Hammer 8:42.09. Med dette har vi no 100 mann gjennom tidene på 8:45.0 eller betre, og til sommaren når vi nok også 100-talet med løparar under 4:00 på 1500m. Anders sette også klubbrekord i junior-22, den forrige hadde Erik som løp i heatet før, han var etter våre notat første Gular-junior som løp 3000m inne. Klubbrekord vart det også på Heidi Ann Bruknapp som tok femteplassen på 800m med 2:19.52. Elles noterer vi at Alexander Karlsson tok seg greit til finalen på 60m (7.02 i forsøket og 7.04 i semifinalen), men der vart det stopp på grunn av skade. På 60m vart det elles persar på Torbjørn Lysne med 7.22 og Inge Tansø med 7.50. Vi noterer også at Thorleif Evanger vart nr. 4 i stav med 3.90. For fullstendige resultat viser vi til listene på nettet.
Stor tropp til NM innandørs
(10.02.2011) Gular stiller med heile 11 deltakarar under helgas innandørs-NM i den nye innandørshallen i Trondheim. Vi håpar på mange persar og trur at det blir eit par klubbrekordar og eit par medaljar også. Deltakarane våre er: Alexander Karlsson (60m og 200m), Torbjørn Lysne (60m og 200m), Inge Tansø (lengde utan tilløp og 60m), Thorleif Evanger (stav), Vidar Dahle (800m og 1500m), Erik Hovlandsdal, Tomas Windheim og Jonas Lurås Hammer (1500m og 3000m på alle tre), Anders Huun Monsen (3000m), Anne Hansen (60m, 200m og lengde utan tilløp), og Heidi Ann Bruknapp (400m og 800m).
Sterk terrengløping i Tyskland
(05.02.2011) Både Anders Huun Monsen og Frida Berge leverte flotte prestasjonar under terrengløpet i Neukirchen i dag. Frida vann jenter-17 klassen (4.1 km) med 22 sekund, og hadde også betre tid enn den beste i jenter-19. Ut frå tidene i herreklassen trur vi nok løpet til Frida var verdt ein stad mellom 17:30 og 18:00 på 5km. Anders tok ein flott andreplass i U23-klassen, og vart nr. 7 totalt i den 7.7 km lange løypa. Vinnaren av U23-klassen hadde forøvrig 8:13 på bane i fjor, og vi minner om at i perioden frå 1993 fram til i dag er det berre to Gular-løparar under 8:20 medan det totalt sett gjennom tidene er 24! Jonas Lurås Hammer vart nr. 16 i U23-klassen, vel minuttet bak Anders.
Fin løping av Ingeborg og Vidar i Finland
(05.02.2011) Både Ingeborg Kristine Lind og Vidar Dahle gjorde ein fin innsats i dagens innandørslandskamp i finske Tampere, sjølv om det vart sjette- (og dermed siste-) plassar til begge to. Ingeborg løp 3000 på 10:17.66, 12 sekund bak utepersen. Vi har inga 3000-notering for damer innandørs tidlegare, så slik sett var det klubbrekord, men så var det dette med at innandørsrekordar skal setjast på baner på maks. 200 meters lengde då (300m-bane i Tampere). Vidar fekk 3:56.15 i eit sterkt felt der alle dei andre løp godt under 3:50. 3 sekundar bak ute-persen er absolutt godkjent. Vidar har no betre inne-pers enn nettredaktøren, men manglar for eksempel eit drygt halvsekund på Terje Aggvin sin inne-pers på distansen, det bør det gå an å gjere noko med ved neste høve!
Vellukka stemne i Høiehallen
(03.02.2011) Gular arrangerte eit vellukka innandørsstemne i Høiehallen i går med heile 51 startar. På 60 meter var dei raskaste Martin Kåstad (7.18 forsøk), Jarle Hollund (7.19 utanfor konkurranse i finalen etter disk i forsøket) og Torbjørn Lysne (pers 7.25). I dameklassen var 15-åringen Monika Benserud raskast med fine 8.03. I kule vann Martin Roe med pers 13.54, men dagens 'skrell' kom på andreplass der 16-åringen Sven Martin Skagestad frå Loddefjord støtte heile 12.87 med seniorkula. Dette er lengst i 16-års klassen i Hordaland nokon gong, 1 cm lenger enn utandørs aldersrekorden til Bjarne Mølster frå Voss - 12.86 frå 1937 (!!)- truleg kretsens eldste aldersrekord. For å kome inn på topp-10 i Norge gjennom tidene i denne klassen må ein opp i 13.25. Vi vil elles rose stemneleiar Heidi Ann Bruknapp for god stemneorganisering, og takke alle funksjonærane, spesielt tidtakar Jan Fjærestad frå BFG Fana. Resultata kjem snart på heimesida og forbundet sine sider.
5 på landslaget
(01.02.2011) Til helga er det innandørslandskamp mot Sverige og Finland i finske Tampere, og litt overraskande har vi fått med to utøvarar - Vidar Dahle på 1500m og Ingeborg Lind på 3000m. For Ingeborg er det første gong i landslagsdrakt! I tyske Neukirchen er det laurdag terrengløp med innlagt landskamp, her spring Anders Huun Monsen og Jonas Lurås Hammer på det norske U23-laget (7.7 km), medan Frida Berge spring på det norske U18 laget (4.1 km). Vi ønsker alle lukke til!
Alexander 7.01 i Bratislava
(31.01.2011) I eit stemne i Bratislava i går sette Alexander Karlsson årsbeste med 7.01, som ga 3. plass i B-finalen, i forsøket hadde han 7.07. I Wien tysdag vart det ikkje heilt klaff med 7.09.
Bronse i veteran-NM
(30.01.2011) Under helgas veteran-NM innandørs i Stangehallen hadde Gular med ein deltakar - Magne Limevåg i klassen 80-84 år. Han tok bronse på 60m med 16.45 og vart nr. 4 i kule (4kg) med 7.55.
Vidar 1:53.66
(30.01.2011) Under eit stemne i Trondheim i går løp Vidar Dahle 800m på 1:53.66, noko som ga andreplass og var solid inne-pers. Så vidt vi kan finne ut klarte han også å slå trenar Asgeir Thomassens inne-pers på 1:53.83, ikkje verst!.
Helene over 50m i Australia
(30.01.2011) Helene Hofstad som for tida er i Australia har alt starta sesongen. For nokre vekar sidan kasta ho 50.02 i slegge, berre 65 cm bak persen. Laurdag kasta ho på eit større stemne i byen Newcastle (ja, det finst eit Newcastle i Australia og), men der kom slegga ikkje over 45 meter. Helene rapporterer elles at det er nesten for varmt til å trene - ei relativt uvant problemstilling for kastarar på våre breiddegrader skulle vi tru.
Ingeborg vann løpskarusellen, Gjermund halvmaraton
(24.01.2011) Ingeborg Lind tok nok ein siger under gårsdagens løpskarusell i Fana med pene 18:42 på 5 km. Christiane Tröße vart nr. 2 med 20:31. På 10km var Stine Sanden første dame i mål med 43:57. Laurdag vann Gjermund Groven halvmaraton i maratonkarusellen, også i Fana, på 1:17.53.
Treningsgrupper
(22.01.2011) Oversikt over våre aktive og trenere finner dere under TRENINGSGRUPPER i menyen over. Kontaktinformasjon og styreoversikt finner dere under OM OSS.
Thorleif Evanger 4.04 i stav
(18.01.2011) Vår nye stavhoppar Thorleif Evanger har konkurrert flittig i vinter, og under eit stemne i Høiehallen laurdag persa han til 4.04 (første gong over 4.00) og hadde gode forsøk på 4.14. Med dette vart han fjerde beste stavhoppar i Gular gjennom tidene, bak Edgar Bjørnseth (4.60), Henning Hofstad (4.50) og Katrine Haarklau (!) 4.10. Vi minner om at senior-NM kravet og Henning Hofstad sin innandørs klubbrekord begge er på 4.20.
Anders vann Askløpet- femdobbelt Gular
(15.01.2011) Det vart favorittsiger til Anders Huun Monsen under dagens Askløp. Med 13:19 vart han den femte raskaste i denne 4.5 km lange løypa gjennom tidene. Gular vann femdobbelt, og tidene til 'våre' var:Erik Hovlandsdal 13:52, Jonas Lurås Hammer 14:00, Vidar Dahle 14:16, Tomas Windheim 14:28 og Lars Røttingen (nr. 8 totalt) 14:53. Dette løpet tyder på at Anders bør kunne løpe under 14:30 på 5000m til sommaren. Det er då også på høg tid å få ein ny Gularløpar under 14:30, av dei 20 som har løpt under denne grensa i Gulardrakt gjorde 19 av dei det før 1990 (det året Anders vart fødd!) og siste løp under 14:30 (og 14:20) var i 1998. I dameklassen vart Tiril Solvang nr. 4.
Alexander 7.08 og 11.07 i Drammen
(09.01.2011).Alexander Karlsson har konkurranselysta inne i det nye året - eit godt teikn. Under Dialoglekene i Drammen i går vann han 60m på 7.08 og vart nr. 2 på 100m med 11.07.
Flott innsats i KM hopp utan tilløp
(09.01.2011) Det var ein flott Gular-innsats under KM hopp utan tilløp i Laksevågshallen i går. Den beste prestasjonen stod spydkastar Inge Tansø for, med gull i seniorklassen i lengde utan tilløp med flotte 3.16. Dette gir ein 9.plass på klubbens alle-tiders statistikk, delt med Magnus Kleppe. Andreplassen i menn senior gjekk til kretsrekordhaldaren i lengde med tilløp, Thomas Mellin-Olsen, på pene 3.11, eit hyggeleg comeback av Thomas som har 3.40 som pers og som neste år går over i yngste veteranklasse. Litt lenger ned på lista fann vi Kjetil Myrmel (2.74). I juniorklassen vann Torbjørn Lysne på solid pers 3.04, og Anne Hansen tangerte persen og vann juniorklassen for kvinner på 2.47. I høgde utan tilløp vart det tredjeplass til Thomas med 1.54 og femteplass til Kjetil med 1.42. I menn veteran 80-84 tok Trygve Monstad to gull på 2.01 og 1.00. Vi tar også med at Bergens Turn forsynte seg godt av medaljane i dei yngste jenteklassene.
Nokon kjem og nokon går
(07.01.2011) Årsskiftet er også tida for klubbskifte. Vi ønsker følgande velkommen i klubben: Jonas Lurås Hammer (Lørenskog - sølv i junior-NM på hinder i fjor, bronse i senior-NM), Ketil Pettersen (Bodø), Ane Følstad Zakariassen (BFG Fana) og Thorleif Evanger (Viking). Dei som har valt å forlate klubben er Martin Hefre Johnsen (til Skjalg - flytting), Andreas Karlberg Pettersen (til Tyrving - flytting) og Sverre Morten Slethaug (til BFG Fana). Vi ønsker dei lukke til i sine nye klubbar. Oversikta over overgangar finn du på friidrett.no.
Gular-suksess på Byrkjelo i 1988, 1999 - og 2011?
(01.01.2011) Årsskiftet er ei tid for å sjå både fram- og bakover. I 2011 går senior-NM på Byrkjelo, noko det også gjorde i 1988 og 1999. Vi har tatt oss tid til å mimre litt om korleis Gular gjorde det under desse to meisterskapa. Klubben gjorde det godt begge gongene - 4 gull, 1 sølv og 4 bronse i 1988, medan det vart 2 gull, 1 sølv og 3 bronse i 1999 - skulle det blir like bra i 2011 som 1999 så skal vi i alle fall vere godt nøgde!
I 1988 hadde Gular Norges beste sprintlag for kvinner, som tok heile 5 medaljar. Sølvi Olsen (Meinseth) vann 100m, der Mona Karin Riisnes (Riise) vart nr. 3. På 200m vann Mona Karin overraskande ein knepen siger over Sølvi - for øvrig Mona Karin sitt einaste individuelle seniorgull. Saman med Agnes Gundersen og Ann Marit Kleive (Holmøy) sette dei også norsk rekord på 1000m stafett med 2:08.46. Dette er framleis norsk junior-22 rekord og banerekord på Byrkjelo. Det fjerde gullet gjekk til Knut Hjeltnes, som tok sin NM-tittel nr. 10 (av totalt 11) i diskos. Elles vart det bronse til Bjørn Steinar Økland på 1500m, Marit Rinnan i diskos og dagens Norna-trenar Gisle Ellingsen i høgde (hans siste NM i Gular-drakt). Vi nemner også at trenar Berit Mjanger tok bronse på 800m med 2:06.61, som vart ståande som pers. Berit løp den gong for Eidsvåg.
I 1999 var det herresprintarane som tok mesteparten av medaljane, Quincy Douglas vann 400m på 46.38 - ein meisterskapsrekord som framleis står. Han sette også meisterskapsrekord i forsøket (!) med 46.55. Thomas Mellin-Olsen tok bronse på 100m, og Kenneth Halhjem sølv på 100m hekk. Quincy og Kenneth tok saman med Ådne Nerhus og Bård Venholen ein suveren siger på 1000m stafett, og sette ein banerekord som framleis står. I stav og tresteg vart det bronse til Christine Gulbrandsen - det er vel ingen andre damer som har tatt medalje i begge desse greinene. Vi nemner også at Bjarte Bogstad og Terje Aggvin (Terje den gong i Ås-drakt) vart nr. 5 og 6 på 3000m hinder, slått mellom andre av skiløpar Odd Bjørn Hjelmeset som tok bronsen med ein kjempespurt - ved det høvet sleit han ikkje med 'is i rubben'! Etter det vi kjenner til var dette siste gong Bjarte slo Terje i samløp, og også siste gong 6 mann løp under 9:00 på NM.
Vi noterer oss også at tre av Norges beste utøvarar gjennom tidene tok gull i begge meisterskapa: Geir Moen på 200m og kastduoen Mette Bergmann (diskos) og Trine Hattestad (spyd). Det ser ikkje ut til at nokon er klare kandidatar til å vinne både i 1999 og 2011 - sjølv om vi ikkje ser bort frå at Trine framleis kunne kjempa om eit NM-gull!
Veteranane nest best i Hordaland
(01.01.2011) Resultata frå kretsserien for veteranar er no klar, og Gular vart nr.2 i herreserien med 15212 poeng, berre 24 poeng bak Osterøy. Kva dette held til i landsserien, er uvisst, men det er etter det vi veit i alle fall to lag utanfor kretsen som er betre enn Osterøy og Gular. Dette er stor framgang frå i fjor då det vart 13587 poeng og ein 10.plass. Det som ikkje er så bra er at serierapporten som står i det elles svært gode nummeret av Havgula har mange feil og manglar, og faktisk har 480 poeng mindre enn det som vart sluttresultatet etter at rapporten vart sjekka av dei ansvarlege for serien. Her er det litt å ta tak i for veterangruppa i 2011!
|