Sterk 7-kamp av Katrine

8. juni 2008; Knut Forthun

(08.06.2008) 17 år gamle Katrine Haarklau gjorde ein strålande innsats i nordisk meisterskap i mangekamp i finske Jyväskylä, der ho vart nr. 4 i junior-19 klassen. Til slutt vart det 5040 poeng, som er ny kretsrekord i junior-22 og junior-19. Den gamle rekorden i junior-19 hadde ho sjølv, mens den gamle junior-22 rekorden var frå 1981 (Mary-Ann Nordeide Hårklau 4695 poeng). Katrine fekk imidlertid hard konkurranse om junior-22 kretsrekorden frå Lene Secher Myrmel frå Fri, som vann junior-22 klassen med 5030 poeng - berre 10 poeng dårlegare enn Katrine! Katrine sette også junior-22 og junior-19 kretsrekord i spyd, der ho fekk opp eit kjempekast på 45.33 - pers med nesten 7 meter! Heile serien: 100 m hekk 14.67, høgde 1.58, kule 11.11, 200m 26.22, lengde 5.11w, spyd 45.33, 800m 2:29.19). Resultata i 100m hekk og spyd  er klubbrekordar for senior, mens resultata i høgde og kule er klubbrekordar i junior-19. 

??? link.top ??? ??? link.login ???