Alexander under NM-kravet

19. juni 2008; Knut Forthun

(14.06.2008) Under Florø friidrettsfestival løp Alexander Karlsson inn til 11.10 i forsøksheatet på 100m, dette er godt under NM-kravet på 11.25 og berre 2/100 bak 2006-persen. Han toppar med dette også årets klubbstatistikk på distansen. I dei andre forsøksheata fekk Jarle Hollund 11.20 og Andreas Kristiansen 11.33w. Lars Røttingen løp årsbesten på 1500m ned til 3:53.82 i eit løp der han vart tredje beste nordmann. Forholda var ikkje topp då 1500m gjekk ifølge rapportane frå Florø.

 

??? link.top ??? ??? link.login ???