Katrine, Lars og Anne best på stor-KM

23. juni 2008; Bjarte Bogstad

(15.06.2008) Katrine Haarklau, Lars Røttingen og Anne Hansen stod for dei beste prestasjonane frå samarbeidsklubbane Gular, Bergens Turn og Hovding under stor-KM på Fana i helga. Dei fekk då også kvar sin bestemannspremie. Katrine (frå Bergens Turn) sette norsk aldersrekord i stav (utandørs) i jenter-17 klassen med 3.70 – ho hadde 3.86 inne i vinter og 3.76 ute i fjor. Anne (frå Hovding)sette klubbrekord på 300m hekk med 45.05, 6/100 under den gamle rekorden ho sjølv sette i 2006. Begge desse sanka også fleire andre medaljar i jenter-17 klassen. Lars Røttingen følgde opp det fine løpet i Florø dagen før med å vinne 1500m søndag på pene 3:55.52, beste tid på eit Hordalands-KM sidan 2000. På denne distansen vart det 5-dobbelt Gular, nærast Lars følgde Vidar Dahle med fin pers 3:56.99 og Asbjørn Høyem Amundsen med fine 3:58.72, hans beste tid sidan 2005.

I motvinden (-2.8) på 100m vart det ein knapp siger til Jarle Hollund (11.36) over Alexander Karlsson (11.39). Vi ser fram til fleire jamne duellar om å vere klubbens raskaste mann! Vi nemner elles fine persar på 400m av Ida Kjelkenes (60.49) og BT-jentene Katrine Berg Nødtvedt (61.63 – og dermed kvalifisert til junior-NM!) og Lena Indrebø (62.58). Pers vart det mellom anna også på Solveig Bygstad (BT) i tresteg med 10.40. For fullstendige resultatlister viser vi til kretsen sine sider:  http://www.friidrett.no/hordaland/t2.asp

??? link.top ??? ??? link.login ???