Tommy persa i Sollentuna

11. oktober 2008; Bjarte Bogstad

(08.07.08) Under dagens svenske Grand-Prix stemne i Sollentuna vart det fin pers og kretsårsbeste på Tommy Berland Laitinen på 5000m. Tommy hadde marginane på si side: 14:49.17 var kretsårsbeste med 6/100 og pers med 18/100! Unge Vidar Dahle var berre 3/100 bak persen på 800 då han vann C-heatet på 1:53.46.  På 1500m viste  Lars Røttingen stabilt nivå med 3:52.19, medan Kjetil Måkestad sette årsbeste på 3:52.37. Eirik Myrmel var lenge med i teten i D-heatet på 800m, men stivna og kom inn til 1:57.19.  På Bislett gjorde Ida Kjelkenes eit siste forsøk på NM-kravet (2:14.99), men var akkurat 2 sekundar for seint ute med årsbeste 2:16.99.  

 

??? link.top ??? ??? link.login ???