Tre klubbrekorder siste veke
11. oktober 2008; Bjarte Bogstad
(20.09.2008) Sjølv om det tar til å bli mørkt om kveldane, er ikkje sesongen over enno.
Det fine haustveret har gjort at det framleis er sjanse til å oppnå gode resultat. Siste veka er
det sett heile tre klubbrekordar, i tillegg til andre gode resultat. Den første klubbrekorden kom
på Bergenslekene, då dei fire Hovdingjentene Malin Ulrika Blomberg, Susanne Johannesen Aas, Emilie
Berem og Anne Hansen løp 4x100m stafett på 53.13. I tillegg til å vere klubbrekord i Hovding er
dette også junior-19 klubbrekord i Gular. På karusellstemnet på Fana onsdag sette Katrine Haarklau
nok ein gong ein klubbrekord då ho løp 200m hekk på 29.45, som er junior-22/19 klubbrekord.
Seniorrekorden til Anne Karin Skutle Lyngbø (28.5 frå 1986) ser imidlertid ut til å overleve også
denne sesongen. På 10000m for kvinner hadde vi ingen klubbrekord før dette stemnet, men nyinnmelde
Åshild Lunåshaug løp på 40:25.97 og vart dermed den første klubbrekordhaldaren på distansen. Ho
var vel 40 sekundar føre Berit Skorpen i mål. På same stemne vart det også fin pers til
Ida Kjelkenes på 1500m, ho kom endeleg under 4:50-grensa (4:49.58) i det beste løpet av ei
Gularjente på distansen sidan 1991. Elles vart det persar på 400m til Mari og Marte, mens det vel
er ei stund sidan sist Bjarte slo Lars. No skal det seiast at Lars debuterte på 10000m under det
innlagte KM-et, mens Bjarte har ein del 25-rundarar bak seg i karrieren. På 1500m viste Tomas
Windheim god haustform, og var ikkje langt frå persen.
Vi nemner også at Anders Huun Monsen tok ein fin 7.plass i den sterke 18-19
årsklassen under NM terrengløp lang løype på Bøler i Oslo sist helg.
|