NM for veteranar i Florø

 

NM for veteranar vart i år halde i Florø. Det var så nær at sjølv vi gamlekarane kunne klara å finna dit. Det vart difor bestemt at vi skulle samla oss i eit par bilar og køyra til Florø. Med avgjersla om at deltakinga frå veteranlaget dette året skulle verta stor, vart det og meir intensitet over treningsøktene. Både piggsko og tidtakarutstyr vart flittig nytta og treningsresultata vart nøye vurdert og kommentert, ja vi hadde til og med eigen trenar som skulle ta den siste finpussen av forma før vi drog av garde.Vi hadde store voner om gode resultat før vi drog, men vi fekk diverre ein del fråfall undervegs, noko som gjekk ut over eit av stafettlaga (1000 meter) og resultatet deretter.

 

Men også her synte det seg at ”dei gamle er eldst”, stafettlaget som vart noregsmeister i 70+ klassa i 2000 (W.Olsen, P. Heggestad, L. Bjordal og K. Bergesen) stilte no opp i 80+ klassa, 10 år etter, og tok ein ny gullmedalje! Den prestasjonen er det ikkje andre lag som har makta så langt. Det noko reduserte stafettlaget (70+) på 1000 m ( M.Limevåg, J. Aga, K.Sælensminde og R. Mjøs) fekk likevel sølvmedalje i si klasse, gularveteranane hadde såleis to stafettlag i aldersgruppene over 70 år, det er det heller ikkje andre lag som får til, vi har difor god grunn til å vera stolte av veterangruppa vår.
I einskildøvingane vart det og medaljer til fleire utøvarar: Magne Limevåg (80-84) tok gull på 100 m og det same gjorde Walther Olsen (85-89). Walther Olsen tok og bronse i både kule og diskos. Knut Bergesen (80-84) tok gull på 200 m og Leif Bjordal (80-84) tok gull i kule. Arne Lothe (70-74) tok bronse i vektkast og slegge og Bjarte Bogstad (45-49) tok gull på 1500 m og på 5000m.
NM i Florø vart ei hyggeleg oppleving, været var godt og stevnet vart fint avvikla og veterangruppa frå Gular, heile 9 deltakarar over 70 år, hadde ei fin helg.
 

Gular sitt stafettlag 80+  

LEIF202                                         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gular sitt stafettlag 70+

LEIF302

 
 
 
??? link.top ??? ??? link.login ???